Databriller gir deg ein god arbeidsdag frafor skjermen
Brukar du mykje tid framfor dataskjermen enten på jobb eller heime? Dårleg syn og feil type briller kan gi trøytte og slitne auge, verkande nakke og hovudverk.
Ei god databrille
- Er tilpassa deg og din arbeidsplass
- Gir skarpt syn på tastatur, dataskjerm, skrivepult og telefon.Kan også vere tilpassa skrankearbeid
- Reduserer slitne auge og vonde sittestillingar
- Kan eliminere nakkeplager og hovudverk
- Hjelper deg å halde fokus
- Fjernar forstyrrande refleksar
- Er like viktig som anna tilpassa kontorutstyr, som stol, skjerm og lys
- Kan leverast med filter som reduserer mengde kunstig blått lys som treff auget
Kort sagt er databrilla tilpasset deg og din individuelle arbeidsplass, slik at den kan gi deg ein betre kvardag
Treng eg databriller?
Det kan våre optikarar finne ut av. Optikar utfører først ein vanlig synskontroll. Med utgangspunkt i denne og dine synsutfordringar framfor skjermen, kartlegg han dine behov. Han finn ut om du treng ei eiga databrille og kjem med forslag til kva for løysing som er best for deg.
Før du kjem til optikar, er det lurt å måle opp kva avstand du jobbar på. Kva er avstanden til skjermen din? Til tastaturet? Pultområdet? Kor langt ut i rommet treng du å sjå for å gjere jobben din? Det er også lurt å tenke igjennom kor mange timar du brukar framfor jobbskjermen kvar dag, og kva for utfordringar og plager du har som fylgje av det. Dette bidreg til å finne den aller beste løysinga for deg.
Kva for løysingar finnast eigentleg?
Databriller, terminalbriller, PC-briller: dette er tre navn for same løysing. Hovedpoenget er å sjå klart på dataskjermen og området rundt.

Er du over 40 år, og treng å sjå godt på ulike avstandar, er den beste løysninga ofte ei romprogressiv brille. Dette er ikkje det same som ei vanleg progressiv brille: Den har optimal styrke ved blikk på dataskjermen. Samtidig har du lesestyrken din nederst i glaset. Du vil også kunne sjå pulten din og kanskje litt ut i rommet, men du vil ikkje kunne sjå klart på lang avstand. Det er fordi løysinga er spesialtilpassa ein data-arbeidsplass. Skulle du også sett på lang avstand med den, ville det gått ut over kvaliteten som PC-brille.
Mange gonger kan ei vanleg einstyrkebrille vere ei god løysing. Det er gjerne for yngre personar med god fokuseringsevne. Eller for andre som treng eit stort og klart felt på dataskjermen, men som ikkje treng å sjå skarpt på andre avstandar. Jobber du stort sett papirlaust og med fleire skjermar på pulten din, er einstyrkebriller ofte det beste å bruke.
Dette er dei to vanligaste løysingane. Det finnast også andre, meir spesielle og individuelle løysingar. Om optikaren din meinar du bør ha noko meir spesialtilpassa vil han gi deg gode råd rundt dette. Her har optikaren full oversikt og vil anbefale løysinga som er perfekt for deg.
Kan eg ikkje berre bruke den progressive brilla mi?
Progressive briller er veldig nyttige i mange samanhenger, men oftast ikkje framfor dataskjerm.
Glasa i progressive briller har varierande styrke for at du skal kunne sjå bra på ulike avstandar. Dei er spesielt optimalisert for syn på avstand og på leseavstand. Det feltet du ser klart i på dataavstand er relativt smalt og det er plassert i nedre del av glaset. Dette gjer at du gjerne blir sitjande med hovudet litt opp for å sjå klart på dataskjermen – du får ei vond sittestilling som kan gi muskelspenningar i nakke og skuldre og helseskader over tid.
Ved å bruke ei progressiv brille tilpassar du altså sittestillingen til brilla. Med ei databrille skjer det motsatte: Dataglaset er designet slik at sittestillinga di blir ergonomisk rett, og bidrar til ein god og behagelig skjermkvardag.
Kan eg ikkje berre bruke avstandsbrilla mi?
Dette er faktisk avhengig av alderen.
Til deg som er under 40 år:
Når du er ung er augelinsa di elastisk. Du kan som oftast sjå klart på dataskjermen utan briller eller med den vanlige avstandsbrilla di. Linsa klarer å fokusere inn alle avstandar, også skjermavstand utan anstrengelse.
Det finnast likevel synsstyrkar som gjer at du treng ei databrille sjøl om augelinsa di kan fokusere. Då har du kanskje ein liten synsfeil som du klarer deg fint med i kvardagen utan behov for briller. Ved langvarig dataarbeid kan augene likevel bli anstrengde og slitne. Dette kan igjen gi deg hovudverk og generell trøyttheit. Då har du antakelig behov for databrille med rett brillestyrke. Optikaren din kan undersøkje dette, og tilrå ei god løysing for deg.
Til deg som er over 40 år:
Frå fylte 40 år blir linsa sin elastisitet gradvis dårlegare og dermed minskar evna til å fokusere. På same måte som du treng eigen styrke for å lese, vil du også få behov for eigen styrke på skjermavstand. Med avstandsbrilla vil du då sjå uklart på dataskjermen. Nærsynte vil ofte sjå skjermen klarare ved å sjå over kanten på brilla. Dette vil gi ei uheldig sittestilling og unødige plager.
Eg skal bruke databrilla på jobb – må eg betale for den sjøl?
Utgangspunktet er at arbeidsgjevar skal dekke utgifter til å undersøkje om du treng databriller og dekke innkjøp av databriller etter behov. Dette gjelder alle arbeidstakarar som bruker ein vesentlig del av arbeidstida framfor skjerm.
Dersom arbeidsgivaren din skal dekke brilla, må optikar attestere at du har behov for eigne databriller. Desse er kun meint til bruk på din arbeidsplass, og må være briller du har behov for i tillegg til din vanlege synskorreksjon. Det er kun optikar som kan attestere behov for databriller.
Avtal alltid med arbeidsgivaren din på førehand før du skaffar deg ei databrille du ynskjer å få dekket. Myndigheitene har ikkje sett noko beløpsgrense for innkjøp av databriller, men utgangspunktet er at dei må ha den funksjonaliteten som skal til for at du som arbeidstakar ser godt framfor skjermen. Om du for eksempel ynskjer ei spesiell innfatning som koster ekstra, må du rekne med å dekke dette sjøl. Ei terminalbrille dekka av arbeidsgiver tilhøyrer i utgangspunktet arbeidsplassen. Derfor er det lurt å avklare det med arbeidsgivar før du eventuelt tar den med deg heim.
5 nyttige tips om databriller
- Du kan også kjøpe deg ei privat databrille. I tillegg til skjermbruk, eigner den seg ypperlig til hobbyer som for eksempel baking, mekking og strikking.
- Databrilla må ikkje brukast i trafikken. Det kan vere lett å gløyme å ta den av seg etter endt arbeidsdag – husk at den ikkje er berekna for syn på lang avstand.
- Hvis databrilla di har ripete og slitne glass, kan det være lurt å bytte ut glasa Ripene kan føre til lysblending som igjen gir ubehag.
- Den store mengda blått lys som kjem frå skjermen er ikkje skadelig for augene dine. Eit filter som reduserer mengda kunstig blått lys som treff auget er likevel smart – det kan gi et meir behagelig blikk på skjermen.
- Sist, men ikkje minst: husk å gå jamnleg til optikaren din. Det er viktig for å sjekke både syn og augehelse. Ta med deg databrilla di, så optikeren kan sjå om kvaliteten framleis er god nok.
Les hele artikkelen: Er blått lys fra skjermen farlig for øynene dine?
Eg er arbeidsgivar – kva bør eg tenke på?
Arbeidstakar som brukar ein vesentlig del av arbeidstida framfor skjerm, har rett til å få synsundersøking og databrille dekka av arbeidsgivar. Brilla må være eigna for dei synsoppgåvene som er forbunde med skjermarbeid. Dette er regulert av Arbeidsmiljølova. Det er lurt for deg også! Rette briller bidreg til klart syn, god ergonomi, fornøgde tilsette og høgere produktivitet.
Det er individuelle behov knyttet til arbeidstakers syn og arbeidsoppgaver som avgjer kva som vil vere den beste løysinga. Optikaren er helsepersonell som kan gi råd vedrørende skjermplassering, lyssetting, arbeidsavstandar og synsvaner. For ein best mogelig kvardag på ein data-arbeidsplass, tilrår vi at du gjer ei ergonomisk vurdering av arbeidsplassen til dei tilsette
5 grunnar til å velge databriller frå din lokale optikar
- Ærlige og konkurransedyktige prisar
- Erfarne og dyktige optikere
- Rette produkt tilpassa kver enkelt arbeidstaker
- Lokalt eigerskap og lokal service - vi bryr oss om dine tilsette!
- Dekker alle krav i Arbeidsmiljølova
Ei bedriftsavtale med din lokale optikar er ei svært gunstig løysing for di bedrift! Ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Vi er her for deg og dine tilsette!
Andre sider med informasjon om databriller:
- Arbeidstilsynets infoside om regler angående databriller
- Infoside om skattemessig behandling av databriller betalt av arbeidsgiver