Synsundersøking

Når tok du ei synsundersøking sist gong? Mange går altfor lenge mellom kvar gong. Vi anbefalar at du jamleg får undersøkt augehelsa di.  

Synsundersøking er viktig for å sikre at du alltid har det beste synet du kan ha. Gjennom testar kan optikaren fastslå om det er behov for hjelpemiddel for å kunne sjå best mogleg, og kva hjelpemiddel (for eksempel briller eller kontaktlinser) som vil fungere best for deg.

I tillegg kan optikaren også oppdage endringar i auget, som kan være varsel for enkelte sjukdommar som for eksempel diabetes. Vi henvisar direkte til augelege ved behov.

Kor ofte bør eg sjekke synet?

Har du ikkje undersøkt augene og synet ditt, bør du ta steget no. Etter fyrste synsundersøking kallar vi deg vanlegvis inn til ei ny undersøking innan 1-3 år. Kor ofte du bør sjekke synet kjem ann på alder, eventuelle synsfeil du har og andre vurderingar optikaren gjer.

Kva skjer på ein synstest? 

Vi set vanligvis av 45minutt ved ei synsundersøking. Det blir kontrollert kor godt du ser og vi undersøker samarbeidet mellom augene dine (samsynet). Vi tilpassar indviduelt underveis; då nokon har behov for ei grundigare samsynstesting og andre for at vi fokusera på tørre auger eller andre tilstandar. Uansett fotograferer vi augebotnen/netthinna for å få eit betre bilde på augehelsa di i dag. Det gir oss grunnlag for å kunne fylgje med på om det skjer endringar over tid. Vi har også maskiner som målar overflata på hornhinna di, trykket i augene og synsfeltet ditt. Slik er det mogleg å undersøke grundigare når det er nødvendig. Fleire tilstandar ved augene kan være arvelege, og vi kartlegger om du kan være disponert for noko av dette. Det vert regelmessig benytta dråpar på born for at augene skal slappe av gjennom undersøkinga. Dette gir ei meir nøyaktig måling av synet.       

Når alle målingar er gjennomført vil du få ei grundig forklaring på kva optikaren har funne. Vi vil gi deg rådgjeving om kva løysing som passar best din synskvardag. Dette kan være briller, kontaktlinser eller anna behandling som behandling av tørre auge eller synstrening.

Vi held oss alltid oppdaterte på kven som får dekka synshjelpemiddel gjennom hjelpemiddelsentralen eller NAV, og gir alltid informasjon om dette om det skulle være tilfelle for deg.

Her kan du bestille time