Barn og Syn

Er barnet ditt ofte trøtt og sliten når det sit og les, eller må myse når det ser på TV. Vi undersøker synet til barnet, og kan veilede i forhold til briller, kontaktlinser og synstrening.

Barn som ikkje ser godt, er ofte ikkje klar over at dei bør sjå betre. Difor bør du være merksam på om barnet ditt har problem med synet, aller helst så tidleg som mogleg. Kvart 5. skulebarn har behov for utredning av synet, det er viktig for læring. Barn kompenserar ofte grunna god fokuseringsevne, dette gjer det utfordrandre for foreldre å vurdere om barnet har synsproblem. Ei grundig synsundersøking er ei god investering for barnet si framtid.

10 teikn som viser om barnet ditt ser dårleg:

  • Barnet ditt har vanskeleg for å sitte stille/konsentrere seg
  • Barnet ditt let ofte igjen eit av auga
  • Barnet blir fort sliten ved nærarbeid
  • Barnet er lysømfintlig eller veldig mørkeredd
  • Barnet klager ofte over hovudpine
  • Barnet ser dårleg objekt på avstand, sjølv når dei vert peika på
  • Barnet klagar over doble/hoppande bokstaver
  • Barnet unngår lesing/nærarbeid
  • Barnet myser ofte eller klagar over uklart syn
  • Barnet dulter borti kantar

Synsundersøking er viktig for å fastslå om barnet har behov for hjelpemiddel for å sjå best mogleg, og i så fall kva hjelpemiddel (for eksempel briller eller kontaktlinser) som vil fungere best. Set opp ein time for synsundersøking om du er usikker på synet til barnet ditt. Kom gjerne å prat med oss om du har spørsmål. Undersøkelsar på barn gjennomførast som hos vaksne, men testar og metoder tilpassast barnets alder.

Ved undersøking av barn vert det regelmessig brukt dråpar for at augene skal slappe av under vurderinga, dette gjev ei meir nøyaktig måling av synet. Det kan da være godt å ha eit par solbriller med for å beskytte augene då pupillane vert store og barnet vert lyskjensleg.